Knut Reiersrud Band.
I 2018 kom Knut Reiersrud Band ut med nytt album på Jazzland Records. Ei samling nye låtar innspelt live i velrenommerte Studio Paradiso – av ditto velrenommerte analog-maestro Christian Engfelt.
Knut Reiersrud Band er ei unik samling av Norges fremste og hardast arbeidande rytme- og toneleverandørar. Keyboardist David Wallumrød, gitarist Bjørn Holm (Respatexans), bassist Nikolai Hængsle Eilertsen (BigBang) og trommeslagar Andreas Bye er rett og slett ei Royal samling av norsk musikkliv sitt øvste sjikt.
Sjefen sjølv er å rekne som ein bauta i norsk musikkliv og har utvikla eit heilt eiget uttrykk med element frå mange musikkformar. Han er prisbelønna både som gitarist og komponist og er internasjonalt kjent frå ei lang rekke samarbeid med andre artistar. Det som likevel gjer Reiersrud heilt unik er hans evne til alltid å vera relevant og overraskande nyskapande.
Berre les kva Romerikes Blad skreiv etter konsert på Jessheim – der dei rulla terningen til talet 6:
«Det er en nærmest umulig oppgave å skulle beskrive det som skjedde under Reiersruds konsert under Jessheimdagene; Knut Reiersrud formidlet stemninger og sanseinntrykk fra scenen. Han tar publikum med på en musikkarusell; han bygger oss opp, han dasker oss litt vennlig på kinnet og han hamrer løs på oss med akkord- og durskifter som gjør at vi som opplever dette nærmest blir litt øre i hodet og kropp når sanseinntrykkene slår innover oss som bølger slår mot land (i mangel av et bedre bilde).»