Oslo Ess.
Oslo Ess viste at dei har fortent tittelen som det beste norskspråklege punkrockbandet då dei ga ut sitt 5. studioalbum Frie Radikaler i 2018. Det er få band som kan matche Oslo Ess i arbeidsinnsats og kreativitet i Norge, og i vinter er bandet på ein omfattande turné på kryss og tvers av landet væpna med hits som Bislet Stadion, Caroline og Alt eg trenger.
Oslo Ess har sidan debuten i 2011 toppa VG-lista to gonger, set norgesrekord i antal spelte konsertar pr. år med over 200, og sel ut konsertlokale land og strand rundt.