The VossaRebels.
Hausten 2010 starta fire gutar frå Voss å spele i band. Dei fann fort ut at det var rockabilly dei skulle legge sjela si i. No er gutane blitt 14-17 år og rockar hardare enn nokon gong. Dei har hatt mange spelejobbar på kneiper og festivalar og er no klare med debutalbumet sitt Bedop.
Bandet heiter sjølvsagt The VossaRebels og har skrive halvparten av låtane på albumet sjølve. Ken Bruno har skrive tekstane for dei.
Så stapp plata i spelaren og skru opp! Dette er energisk rockabilly spelt av «ungdommen no til dags».
The VossaRebels var i semifinalen på Norske Talenter 2018.