Frøkedal & Familien.
Etter å ha hausta strålande omtale og Spellemann-nominasjon for si solodebut, slappAnne Lise Frøkedal i 2018sitt andre album–How We Made It. Sidan den gong harFrøkedal& Familien gjennomført ein lang slepp-turné i Norge, Tyskland og England, der dei mellom anna opptredde på BBC Radio 6 Music. No er dei klare for SundreBall med sitt særprega lydbilete som kombinerer akustiske element med elgitar, synth og trommer.
«I don’t even care anymore», syng Frøkedal innleiingsvis på sitt nye album, men det er uvisst om det er eit krigsrop eller ynskjetenking. Sjølv beskriv ho sitt eigenproduserte album som ein emosjonell berg-og dalbane: «Eg tenker på desse låtane som ein gjeng med veldig gjenkjennelege raringar–slik me blir når sinne, frykt eller lidenskap vinn over logikken.»
Frøkedal, som er kjend frå band som Harrys Gym, I Was A King og ei rekke samarbeid, mellom anna med den britiske kultartisten Robyn Hitchcock, har lenge vore ein tydeleg skikkelse på den norske indie-scena. Trass sitt musikalske fundament frå rock og pop, er hennar låtskriving òg sterkt prega av arbeidet hennar med, og kjærleiken til, filmmusikk, tradisjonsmusikk, folk og elektronika. Hennar soloprosjekt er omfamna av musikkpressa her heime, så vel som The New Yorker, Pitchfork, BBC Radio 6 Music og The Sunday Times.