Moyka.
Moyka er Monika Engeseth, ein 22-år gamal produsent, songar og låtskrivar som opphavleg kjem frå Nesbyen. Dei siste åra har ho vore busett i Bergen, der ho har eksperimentert med eit lydbilete av elektronisk pop, inspirert av store kjensler og kontrastar. Moyka har så langt gitt ut dei tre singlane Colder, Bones og All The Things We Forgot, og i oktober 2019 kom hennar debut-EP Circles ut.
Då Moyka veks opp i dei djupe skogane i Nesbyen hadde ho ein draum, eller heller ei overtyding, om at ho ein dag skulle lage musikk. Men ho kunne ikkje sett føre seg det intense, elektroniske landskapet ho seinare kom til å skape for musikken sin. Berre månader etter at ho starta å jobbe med musikkproduksjon i studio, utvikla den unge produsent-artisten seg til ein «one-woman»-popfabrikk. For tre år sidan stupte Moyka nemleg inn i synth-universet etter å ha starta si utdanning innan musikkproduksjon. Ho var på skulen frå augneblinken han opna og heilt til han stengde, og der lærte ho å skape sitt eigne mystiske og synthfylte univers steg for steg.