Lady Moscow.
Lady Moscow har i tysk presse blitt omtala som den brutale storebroren tilKatzenjammer og den norske fetteren til dei engelske indiefolk-heltane Mumford&Sons. Andre har omtala gjengen som «uekte born av Tom Waits sin introverte eleganse samanblanda med Gogol Bordello sitt neste sjølvutslettande humør og galskap».Inspirert av austeuropeisk, så vel som norsk, folkemusikk, samt blues, pop, bluegrass,rock og americana er Lady Moscow sitt galne kitsch-univers av «tomwaitskwhiskybalkanjazzrock» kanskje best kategorisert som folk’n’roll.
Lady Moscow sitt energiske sceneshow har fått musikkjournalistane til å bruke ærestitlar som «råaste liveband her til lands», og bandet har med sin breibeintesjangerdans fått publikum innanlands og utanlands til å danse seg sveitte gjennom natta.Bandet har i tillegg til turnéverkdemd verda rundt, gitt ut fire album. Deira album har hausta gode omtaler i media, mellom anna treningkast 5 i Aftenposten, under skildringa:»spinnvill, energisk, innovativ, akustisk folkrock».Sidan den spede starten har bandet turnert breitt på festivalscener og klubbar i inn-og utland, frå Rockefeller i Oslo til The Cavern Club i Liverpool, og frå Cuba til Tyskland. No er bandet klart for eit gjensyn med SundreBall, med eit arsenal av ny og gamal, dansbar, og hardtslåande folkrock i kofferten.