Real Ones.
I over 25 år har Real Ones imponert som eit fantastisk liveband. Dei starta som eit reint folkemusikkband, men som følge av ein stadig søken etter nye uttrykk har dei sidan då utvikla seg til å bli eit av Norge sine mest særeigne ensemble i kryssingspunktet mellom folk, pop og rock med klare referansar til verdsmusikk og elektronika.
Real Ones har alltid mottatt svært gode kritikkar for sine plater og har blitt godt tekne mot av publikum verda over. I 1994 heldt Real Ones sin fyrste konsert i Bergen. 25 år, 11album, 4 EP-ar, 2 Spellemann-prisar, 975 konsertar i 15 land på 3 kontinent seinare er dei fem barndomsvennane klare for nye eventyr, og ikkje minst SundreBall 2020.
«Real Ones har lenge vært Norges i særklasse beste liveband. Kanskje er de Norges besteband, punktum.»–Sven Ove Bakke, Dagbladet.