Maldito.
Den Trondheimsbaserte kvartetten Maldito har, sidan gjennombrotet i 2019, blitt kjent for sine energiske låtar og elleville konsertar. Med eit live-uttrykk som minner om BigBang, set bandet ein ny standard for den norske rockescena. Det kjem klart fram på debutalbumet «Heartlands» som kom i 2021. “Vi ville lage et album som følger vår utvikling fra harde industrielle bluesrocklåter, til det sterke og energiske liveutrykket vi har idag. Det føler jeg vi har
fått til”, seier gitarist Bendik Brevik.
Dei fire karane har ulike musikalske røter som dei smeltar saman i detaljrike låtar, og blandar fleire sjangrar inn i rocken med inspirasjon henta frå The Beatles, Motorpsycho og Led Zeppelin. Dette uttrykket, med energiske konsertar og velskrivne arrangement, appellerer til både den eldre og yngre generasjonen.
«Fire gutter som sparker ræv, men samtidig er usedvanlig tighte i et bluesbasert rockeformat. Vi ser veldig frem til fortsettelsen og et helt album med den samme fandenivoldske innstillingen».
Johnny Andreassen, Blues News 2019