Amund Maarud & Lucky Lips
Nokre samarbeid går djupare enn berre å spela dei riktige tonane i riktig tempo. I lag med Lucky Lips har gitarhelt og sjangermiksar Amund Maarud funne ein felles puls, som på konsertane etter fyrstealbumet (“Perfect Stranger”, 2018) viste seg å treffe eit breitt publikum midt i hjarterota.
Signaturen og energien hjå Amund er framleis sterkt til stades, men blir balansert på ein ny måte gjennom sounden i Lucky Lips og vokalist Malin Pettersen. Nydelege harmoniar side om side med flerrete og røff fuzzgitar og tung groove. Sjangermessig ligg det i landskapet americana med preg av blues, rock og eit par dropar verdsmusikk.
Låtane er signert Amund sjølv, samt Malin Pettersen, Kim Bergseth og Jace Everett. Med Amund Maarud & Lucky Lips så veit du alltid kva du får; ein artist som aldri gir seg på at kvar kveld er unik, og legg heile sjela si i å gje publikum ei autentisk oppleving.
Ingen er ferdig før sjela er tømt og vrengt, og alle krikar og krokar av det musikalske materialet er utforska.