Death By Unga Bunga
Sjølv om medlemma i Death By Unga Bunga framleis kan rekne seg sjølv som relativt unge menn, har dei faktisk allereie feira 10 år som band. Rockeband, for å vere eksakt. Frå sin spede start i heimbyen Moss har dei etterkvart erobra konsertscener både i Europa og USA. I statene har dei både headlina eigne turnear og vore oppvarmingsband for det legendariske punkbandet Stiff Little Fingers.
Etter omfattande turnering i 2017 og 2018 roa bandet det noko ned, men seint i 2021 var dei plutseleg attende og det med eit smell! Plata “Heavy Male Insecurity” let raskare, artigare og råare enn nokon gong, og smatt rett inn på listene over dei beste utgjevingane i 2021.
Live er Death By Unga Bunga betre enn nokonsinne og serverast med hæla-i-taket-garanti! Vel møtt til fest!