Hillman Hunters
Hillman Hunters starta opp som eit backingband til Finn-Tore Lindahl sin figur “Høggørm-Kåre”, og bestod av musikarar frå Rakafisklaget, som i si tid gav ut tre album. Albumet «Finn-Tore og dei fantastiske fuglane» vart gitt ut i 2017 etter at Finn-Tore var gått bort. På lanseringskonserten for plata song Roger Syversrudengen på nokre av låtane, og slik starta det nye kapitlet som vart til Hillman Hunters.
Roger og Knut Aalton byrja å skrive låtar i lag i 2019, og dei skriv tekstane på halling. Hillman Hunters samla troppane hausten 2019 og rakk nokre konsertar før korona-pandemien slo inn, mellom anna spelte dei på HallingLarm. Innspeling av nytt album byrja februar 2020 og etter fleire singel-utgivingar kjem albumet «Aule» for sal i desember 2021 og vert sleppt digitalt under SundreBall 2022.
Fleire av medlemmane i bandet har spelt i lag tidlegare i ulike samansetningar mellom anna El Taco Trio, Rakafisklaget, Bluestilsynet og The Genuine Houserockers.
Musikarar:
Vokal/Gitar: Roger Syversrudengen
Gitarar/mandolin: Knut Aalton
Tangentar/sequencere/kor: Geir Hovden
Bass: Hallvard Gjøstein
Trommer/perkusjon: Hans Petter Modalen
Kor/munnspel: Leif Inge Reime
Kor: Anja Tollefsen Rodegård