Spidergawd
Spidergawd er endeleg attende på vegen med nytt album etter å ha vore i kunstig koma under pandemien, og den spelesugne supergruppa frå Trondheim kjem garantert til å vekke opp festivalgjengarar og Sundrefolk som framleis måtte vera i dvalemodus etter pest og vinter.
Spidergawd stiller med følgjande mannskap med fleire kjenningar frå tidlegare SundreBall: Per Borten (Cadillac, Moving Oos) på gitar og vokal, Hallvard Gaardløs (Draken, Orango) på bass, Rolf Martin Snustad (Hopalong Knut, Samvirkelaget) på saksofon, Brynjar Takle Ohr (El Cuero) på gitar og Kenneth Kapstad (Motorpsycho, Gåte, Stein Torleif Bjella) på trommer.
Spidergawd VI er det fyrste albumet med Brynjar Takle Ohr på co-lead gitar. Bandet fant ein ny sti etter turnéen for Spidergawd V i 2019, med to lead gitarar, og med oppstandelsen av Rolf Martin Snustad sin saksofon. Snustad slutta nemleg etter turnéen i 2019, men kom attende etter å ha innsett at livet utan hard rock rett og slett ble for hardt å leva. Kven kjenner seg ikkje att?
Bør du ta turen til Sundrehall for å sjå og høyre Spidergawd? Ja, dette må du ikkje gå glipp av. Sett sjøbein og dra fram luftgitaren – dette vert høgt, tøft og utruleg moro!