Gammalgrass
Gammalgrass er ein supertrio i ordets rette forstand, der Stian Carstensen, Ola Kvernberg og Ole Morten Vågan gir seg bluegrassen, folkemusikken og ein heil del anna i vald, med ein forførande cocktail av takt, tone og dødsforakt.
Trioen har spelt land og strand rundt i Norge, i tillegg til turnear i Europa, og er kjent for skamlaus musisering på høgt plan, der tempoet til tider er like kjapt som stilartsskifta.
Musikantane i Gammalgrass er av dei beste (og mest spelesugne) i kongeriket, og saman utgjer dei eit sprudlande ensemble, som med humor og overskot tek oss med på ei reise i eit hittil lite utforska musikalsk landskap – der dei fleste taktarter og sjangrar blir utsett for meir eller mindre respektlause tolkingar.
Møt opp framfor scenekanten med eit opent sinn, utkvilt smileband og nypussa øyregangar. Dette blir heftig!
Yellowroots
13. desember 2022/by Magnhild StorøygardMichelle Ullestad
13. desember 2022/by Magnhild StorøygardJaa9 & OnklP
10. desember 2022/by Magnhild StorøygardTORA
10. desember 2022/by Magnhild Storøygardbrenn.
10. desember 2022/by Magnhild StorøygardTonje Halbjørhus
10. desember 2022/by Magnhild StorøygardIda Maria
10. desember 2022/by Magnhild StorøygardHeigh Chief
10. desember 2022/by Magnhild StorøygardStaut
10. desember 2022/by Magnhild StorøygardGammalgrass
10. desember 2022/by Magnhild StorøygardADRESSE
Sundrevegen 104, 3570 Ål
KONTAKTINFORMASJON
Festivalsjef: Bjarte Laa
Mobil: 976 18 996
E-post: festivalsjef@sundreball.no