Tonje Halbjørhus
Tonje Halbjørhus har med seg tre album i bagasjen, fylt med musikk som er i kryssingspunktet mellom folk, pop og nordicana, med ærlege tekstar på hallingdialekt – yesss!
Ho har blitt kalla «En godt bevart hemmelighet» av ein musikkmeldar i Dagbladet, som dessutan ga andreplata uhorveleg med ros og terningkast fem. Og kanskje er ho også komfortabel med å vere nettopp det, jordnær og nøktern hemsedøl som ho er.
Men noko skjer når spotlighten vert slått på, for det er på scena Halbjørhus trivst aller, aller best. Spesielt når ho får stå der og formidle historiene sine saman med sitt eminente band og sitt glitrande gitarspel, og ikkje minst eit publikum som skjønar kva ho syng om på halling.