Anne Fagermo med Akerhaugen band
Anne Fagermo vart fyrst introdusert for det norske TV- og musikkpublikummet som deltakar i The Voice i 2023. Der gjorde ho fleire gåsehudframkallande versjonar av kjende låtar, til dømes Springsteen sin “I’m On Fire” og ein særs rå versjon av Kacey Musgraves sin “Slow Burn”. Vidare gjekk turen til det største TV-showet av dei alle; MGP. I 2024 vart ho nummer fem i den norske finalen med den sjølvskrivne låta “Judge Tenderly Of Me”. I mai same år følgde ho opp med sin fyrste singel, “Stolen Car”, og i 2025 kan me endeleg forvente ei heil plate frå talentet Anne Fagermo – då kjem nemleg debutalbumet hennar, på norsk!
Det forventar me blir ei plate fylt av americana, tidlaus pop og country, ut i frå inspirasjonskjeldene hennar å dømme. Dei spenner nemleg frå nemnde Springsteen til Taylor Swift, Brandi Carlile og Dolly Parton. Ein ting er sikkert: telemarkingen Anne har stemmeprakt og låtteft, sans for saksofonsoloar og ekte country-twang. Det er slikt som bør få fram godkjensla hjå mange på Sundrehall ein kald januarkveld!