Bigbang
Det er lett å gløyme at BigBang er ein trio, at alt publikum høyrer og ser kjem frå berre tre musikarar. Dei aller fleste rockeband treng fire eller gjerne fem medlemmer for å halde skuta flytande. Men for Bigbang lener den klassiske trioen seg på musikalsk dyktigheit, dynamikk og multitasking.
– Me har på mange måtar blitt eit trehovuda troll som gjer ganske mykje på autopilot, fortel frontartist Øystein Greni.
Olaf, Niko og Øystein er ikkje fyrste besetning av bandet, men det er utvilsamt denne trioen som har definert dei. Olaf Olsen, bak trommene og Nikolai Hængsle, som bassist og musikkprodusent. Som vokalist, gitarist og låtskrivar i bandet, er Øystein Greni ein tydleg frontmann, og einaste medlem som har vore med sidan starten i 1992.
Han har vakse opp i ein heim med store platesamlingar, og med far som er, og var musikar.
BigBang si siste utgjeving «La Californie» frå 2023 vart til under pandemiperioden. Eit album som har betydd mykje for gruppa, fortel Greni.
– Det har vore fantastisk å sjå at det går heim hos publikum. Ikkje minst har det gitt fleire nye livefavorittar som «Dogtown Boys» og «Cowboyboots & Speedos». Ein personleg favoritt som betyr mykje for meg er «Another Kind of Lonely».
Festivalsesongen i fjor sommar vart krona med regelrett triumf på Øyafestivalen der Bigbang demonstrerte kva unik kraft dei har saman på scena. No kjem den legendariske rockegruppa til SundreBall.
Konserten blir ei sjeldan moglegheit til å oppleve deira energiske liveoppleving på nært hald – ein kveld fylt med både gamle klassikarar og ferske låtar.
Greni og Bigbang ser fram til å spele på Sundreball 2025; – Det er lite som slår den kjensla når ein står på scenen der band og publikum er saman. Me har fleire kjente som har spelt på SundreBall, og som fortel at det er ein gjestfri og utruleg festival.
– Det skal bli gøy å endeleg få oppleve den vesle festivalen som me har høyrd så mykje om. Bigbang lovar å gje jernet!