Joakim Solbakken
Totningen Joakim Solbakken vart for nokre år sidan fjellbonde i Hemsedal og kan heldigvis difor reknast som ein av våre (les: ein ekte hallingartist!). Med songar som blir til medan kyrne rautar og vinden ular, komponert i dei korte friromma mellom fjøsstell og gardsarbeid, med utsikt til Jordheimsmyrane, er det definitivt ein del fjell-sound å spore i Solbakken sin musikk. Men låtuniverset rommar så klart også mykje meir. Etter ti år i Frelsesarmeens rusomsorg i Oslo har også menneskemøta derfrå snike seg inn og blitt til eit knippe unike, men universelle låtar, om sakn, venskap, gylne augneblikk, oppvekst – og så klart: masse kjærleik.
Sjølv beskriv han musikken som “americana med norsk twist”, og kan vise til sjølvaste Emmylou Harris som duettpartnar på ei tidlegare utgjeving saman med det mangeårige bandet sitt Humming People.
No er det altså Solbakken solo, som gjeldt. Og skal vi dømme ut frå In The Valley, den strålande plata han gav ut i april i 2024, er det duka for ei oppløftande, groovy, gitarbasert, sår OG stor musikalsk oppleving på SundreBall 2025. La oss berre si; Ihaaa, Hemsedal!