Ruben
Ruben Markussen, som helst går under berre fornamnet Ruben, slo i gjennom som artist i 2018 og kan så langt i karrieren vise til Spellemannpris for monsterhiten “Lay By Me” som har over 150 millionar streams på Spotify aleine, fleire P3 Gull-nominasjonar, radio-listing i Sverige og Danmark – og deltaking på tv-programmet Kompani Lauritzen.
Den skeive 29-åringen fra Bjarkøy i Troms har jamt og trutt levert pop i verdsklasse. I 2024 opna han eit nytt kapittel i livet og musikken med den inderlege og vakre singelen “Oh Lord”, etterfølgt av sensuelle “December (honey, honey)” og storslåtte “Milk and Honey”. Ikkje berre har han ein av Norges vakraste stemmer, han er også ein fantastisk liveartist. Tenk Post Malone på sitt mest pop’ete eller ein mannleg versjon av Dagny. Ein ting er sikkert: Ruben er Norges neste store musikkeksport, men fyrst svingar han innom SundreBall!