Los Mexicanacas
Arriba! Rykta seier at mariachibandet Los Mexicanacas vart stifta ein kald, våt, varm, vindstille og vindfull kveld i Trondheim i 2017 av ein gjeng overivrige studentar som ikkje fekk nok musikk-utløp berre av å synge i kor. Det måtte sterkare saker til!
Svaret vart Los Mexicanacas – Nordens største, strammaste og varmaste undergrunns-latino-fusion-band. Streng, blås og stooooore sombreros er faste ingrediensar når Los Mexicanacas inntek konsertscener i heile Noregs land. Og resultatet? Jo, det er såklart fiesta, baby!