Swedish Blonde
Swedish Blonde har eit mål for auga: å skape god stemning! Etter å ha fått merksemd blant pub-besøkande i Nesbyen med heftige rockeslagarar frå både notid og fortid, er dei igjen i ferd med å krysse kommunegrensa for å løfte SundreBall-publikummet og stemninga endå eit desibelnivå opp. Bandet består av Tuva Huseby på vokal, Martin Haraldset på gitar, Andreas Tenold Bergo på bass og Lasse Husevåg Klausen på trommer.
Etter sin Ål-debut på Tanken sommaren 2024 er dei klare for å bråke litt igjen: denne gongen skal repertoaret krydrast med 100% fersk sjølvskrive musikk i tillegg eksplosive coverlåtar frå band som The Black Keys, Marcus King og Led Zeppelin. Det er berre å vente seg høgt volum, smittande sceneenergi og nokre gitarsoloar det pleier å lukte passe svidd av.