Ål kulturskule
Det kan lett oppfattast som ein klisjé, men i tilfellet Ål og Ål Kulturskule er det sant: Når kulturskulen opptrer, er det morgondagens stjerner du ser og høyrer. For er det ei eksportvare som stadig gjer seg gjeldande frå Ål, så er det musikalske talent innan ulike sjangrar. Og i dei aller fleste tilfella har vedkomande på eit eller anna tidspunkt vore innom den stødige, stolte kulturskulen vår.
Og til SundreBall si glede så blømer det godt i den musikalske bygda, også anno 2025. Det er lenge sidan me har sett så mange vokal- og samspelsgrupper som Kulturskulen har i desse dagar. Og nokre er heilt klart meisla ut til å gjere det stort!
Vår oppfordring er difor tydeleg: Når kulturskulen står på den grommaste scena torsdagskvelden, bør du vere der! Dei er kanskje unge, dei er kanskje uerfarne. Men dei vidarefører musikkbygda Ål sine stolte musikktradisjonar med brask og bram og uredd attitude. Dette, mine damer og herrar, dette er festival på sitt beste!