Hemmeleg Headliner.
Det absolutt høgdepunktet under SundreBall 2019 er ein hemmeleg headliner. Dette vil vera den største konserten som har vore på Sundrehall i minnelege tider, og Sundrehall sto klar til bruk i 1927. Hadde bandet/artisten vorte publisert i forkant ville festivalpassa vorte rive bort i løpet av kort tid av konsertgjengarar med teft for god musikk. Så er du svolten på musikkopplevingar av dei sjeldne, er dette SundreBall 2019 sitt sikraste kort. Er du for seint ute, og får høyre om konserten dagen etter, kan du ergre deg grøn over alle historiene som baserar seg på denne legendariske kvelden. Eller du må gjera som dei 2 millionar publikummarane som etter kvart har vore på Woodstock 1969 – ljuge på deg denne fantastiske musikkopplevinga. Det kjem garantert til å koke inne på Sundrehall under denne konserten!
Og korleis kan me love så mykje om ein headliner som er hemmeleg? Fordi Erlend og Øystein har sagt det! Og er det noko dei har vist oss dei siste 5 åra, så er det at dei kan fylle SundreBall-plakaten med fantastiske artistar og konsertar, uansett kva me trur i forkant.