Hedvig Mollestad Trio.
Smells Funny vart sleppt i november 2018 og er denne eksplosive og ekspansive trioens sjette album på sju år, ein frekvens som er relativt sjeldan kost i desse dagar.
I løpet av desse åra har dei delt scene med storheiter som John McLaughlin og Black Sabbath og vist seg like populære på rockescener som i jazzklubbar. Sjølv om det er nok riffing her til å tilfredsstille dei meste kresne headbangarane, heldt dei fram med si utforsking av litt meir frie landskap.
At Hedvig var ein riffmeister av dimensjonar var allereie godt kjent, men med «Smells Funny» viser ho seg for alvor som ein glimrande solo-gitarist òg. Men la oss ikkje gløyme dei to andre i trioen; Ellen Brekken er ein framifrå bassist, like komfortabel med å legge ned ein vedunderleg groove som å legge ut på teknisk avanserte løp. Og Ivar Loe Bjørnstad; ikkje det du forbind som typisk jazztrommis, heller ikkje ein A4 rockar, men i eige av den litt laussleppte sjølvsikkerheita Nate Chinen beskreiv i samband med deira forrige album «Black Stabat Mater» i JazzTimes:
”Her trio, which has Ellen Brekken on bass and Ivar Loe Bjørnstad on drums, caught my ear then with its audacious style references: the loose swagger of early Black Sabbath; the density and prowl of peak Led Zeppelin; the expeditionary urge of Jimi Hendrix; the incantatory fervor of John McLaughlin”.