Michelle Ullestad
Michelle Ullestad er nykommaren som “alle” har merka seg i 2022. Ikkje berre vart ho kåra til Årets urørt tidlegare i haust, ho har også fått mykje speletid på norsk radio med dei fengande poplåtane “Maria” og “Emilie”.
Dei usedvanleg ærlege tekstane til bergensartisten er sjølvopplevde og handlar ofte om livets mørkare sider. Ullestad har vore open om både overgrep og psykisk uhelse, og bidreg med ein viktig stemme i den norske popfloraen, kor det lett blir polert og glansbileteaktig.
Og både livepublikummet og musikkmeldarane har trykka artisten til hjarta – etter ein konsert på Vill vill vest i Bergen, der køen strakk seg langt bortover gata og fleirtalet ikkje fekk sett konserten, skreiv t.d. Bergens tidene sin utsendte:
«(..)ordene spyttes ut slik bare sangere med noe ekte på hjertet faktisk kan. Noen tørker en tåre, andre gnir bort gåsehuden (..) Michelle Ullestad fortjener all hypen hun kan få. 6/6 hjerter»
Me spår nok eit toppår for Michelle Ullestad i 2023, og gler oss til ho startar konsertsesongen på SundreBall!