SundreBall-helt!
Vil du vera med å hjelpe til som frivillig på SundreBall?
Meld deg inn på Facebook-sida «Frivillige SundreBall» eller send oss ein e-post: post@sundreball.no
Behova er mange; servering, marknadsføring, billettsal, køyring, kjøkkenteneste, sjauing, rigging, pynting, vasking og rydding.
Me kan love deg god stemning og samkjensle, mykje moro, og kanskje vert du kjent med fleire nye og gamle ålingar?
Hjarteleg takk til alle frivillige heltar som gjer det mogleg å arrangere Sundreball år etter år!
Ingrediensar:
1 stk triveleg bygd
1 stk grendahus
1 stk stort telt
2 ss frivillige
1 pk artistar
Slik gjer du:
1. Forvarm grendahuset og teltet til 18° og putt inn dei frivillige
2. Tilsett bygd og artistar, og rør kraftig
3. Server med stort engasjement og glede!
ADRESSE
Sundrevegen 104, 3570 Ål
KONTAKTINFORMASJON
Festivalsjef: Bjarte Laa
Mobil: 976 18 996
E-post: festivalsjef@sundreball.no